Furulaft: byggefirma på Ål i Hallingdal

Kan du tenkje deg noko meir realt? Ein lafta furuvegg lyser inne i ei glenne i skogen.

Kor lenge har den stått slik? Eit lafta hus eller ei hytte kan stå i fleire hundre år.

Eit timra hus er forma av menneske, for menneske. Med tradisjonar frå fortida byggjer me for framtida.

Me byggjer alt i frå hundehus og anneks til hytter og bustadhus i laft, stavlaft og reisverk, og har sett opp bygg i heile Hallingdal, frå Flå til Hol.

Følg oss på Facebook der me jamnleg skriv om og legg ut bilder av det me driv med: Facebook - Furulaft 

    Illustrasjonsbilde lafteknute

Grøthe AS og Furulaft AS har inngått ei intensjonsavtale om samanslåing. Den nye verksemda skal heite Hendug Bygg AS, og målet er å sluttføre juridisk og økonomisk fusjon i mai 2012. Les meir her.
 Hendug Bygg logo

Me kan utføre radonmålingar (har eigne målarar), samt har sertifisering på legging av duk og kan utføre naudsynte tiltak om målingane tilsi dette.
 strålefare

Prosjektert hytte er no ferdig og står klar til bruk på Øvre-Ålsåsen/Primhovda Sør. Ta kontakt med oss eller Eiendomsmegler1 om du er interessert.

Hytte til salgs Primhovda

Me har utstilling hjå vår samarbeidspartnar Hallingmøbler Hyttesenter. Kom innom ein tur om du skal til Hallingdal!

Me har mykje å gjera og treng fleire flinke folk i Furulaft. Ta kontakt om du vil drive med laft, stavlaft og/eller reisverk - sjå kontaktinformasjon.
Annonse Hallingmøbler