![]() |
||||
Grøthe og Furulaft samanslåingGrøthe AS og Furulaft AS har inngått ei intensjonsavtale om samanslåing. Den nye verksemda skal heite Hendug Bygg AS, og målet er å sluttføre juridisk og økonomisk fusjon i mai 2012. Grøthe AS og Furulaft AS er to verksemder som kjenner kvarandre godt, og som i stor grad har leia og utvikla verksemdene etter dei same retningslinjer og mål for godt arbeidsmiljø og høg fagleg kvalitet på sine leveransar og tenester. Samanslått vil den nye verksemda bli ein betydeleg aktør innan byggebransjen i regionen, og med høg kompetanse og lang erfaring innan hus- og hyttebygging i reisverk, stavlaft og laft. Ei samanslåing vil derfor framleis gje den same høge kvaliteten som begge verksemdene har i dag. Verksemdene ser det som viktig å vera aktiv og ta posisjon ved å gjennomføre tiltak som gjer verksemdene meir effektive og konkurransedyktige, og som kan gje trygge, lokale arbeidsplassar på lang sikt til tross for konjunktursvingningar, auka konkurranse og endringar i krav og føringar frå myndigheiter og forbrukarar. Ved ei samanslåing vil ein realisere dette ved å skape ei større, meir solid og konkurransedyktig verksemd som:
Ein kritisk suksessfaktor for samanslåingsprosessen er at den i minst mogleg grad skal berøre tilsette, kundar og samarbeidspartnarar, og at samanslåinga på sikt skal gje positiv gevinst for verksemda, dei tilsette, eksisterande og komande kundar og samarbeidspartnarar. Om de har spørsmål relatert til samanslåinga, ta kontakt med: |
||||
