Om Furulaft

Furulaft vart etablert i 1995 av brørne Bjørn og Jan Egil Ruud, og held til i ein 700 kvadratmeter stor laftehall på Trolløya, like ved Ål stasjon. Furulaft har i dag 9 tilsette.

Ein har som mål for verksemda å vidareføre gamal tradisjon og byggeskikk i den moderne tida, og å få arbeide med skikkeleg materiale. Oppdraga er varierte og spennande.

Materialet er gjerne sju toms tømmer eller grovare, helst frå dei lokale sagbruka som hentar ut råvarene frå skogen i regionen. Karane likar seg spesielt godt når dei kan vera med å skreddarsy løysingane i samarbeid med kunde og arkitekt.

Dei kan dette med byggeprosess, og hjelper deg som skal byggje med alt frå dei fyrste skissene på papiret, til nøkkelen står i døra.

Her er heile gjengen samla utanom Torstein:
Bilde av dei tilsette i Furulaft


og her var også Torstein med:
Bjørn portrett    Dagfinn portrett    Jan Egil portrett   Jon portrett   Kristian portrett
Bjørn
dagleg leiar
   Dagfinn
tømrar/laftar
  Jan Egil
laftebas
  Jon
formann
  Kristian
lærling
                 
 Morten portrett    Steinar portrett   Thomas portrett   Torstein portrett    
Morten
kontorsjef
  Steinar
tømrar/laftar
  Thomas
formann
  Torstein
tømrar